Hopp til innhold
Salons10
Balanzera AS

Balanzera AS

Pilestredet 65, Oslo Frisørsalong

Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra Balanzera AS, Frisørsalong, Pilestredet 65, Oslo.

28/09/2026

🌿HUDPLEIEKVELD MED MARINA MIRACLE ✨
+ lansering av PRO GREEN-behandling hos Balanzera Kviteseid.

Torsdag 15. oktober kl. 18.00 inviterer vi til ein kveld med hudpleie, kunnskap og eigenpleie hos Balanzera Kviteseid.

Vi er så heldige å få besøk av Marina Engervik, gründeren og kvinna bak den norske hudpleieserien Marina Miracle. Dette er ein økologisk hudpleieserie som vi fører her i salongen og som vi ønskjer at fleire skal få moglegheit til å lære og teste ut.

Marina vil fortelje om historia og filosofien bak serien, dei aktive ingrediensane og kva som gjer Marina Miracle annleis. Ho vil gi oss meir kunnskap om kva huda faktisk treng.

Denne kvelden lanserer vi også Green Peel-behandling hos Balanzera 🌿
Du får lære meir om behandlinga, og vi vil demonstrere og teste PRO GREEN mask, slik at du får sjå og oppleve kva behandlinga går ut på.

Og sjølvsagt blir det litt ekstra denne kvelden ✨

🌿 Gode tilbod på Marina Miracle
🌿 Goodiebag til ein verdi av ca. 800 kr ved kjøp over 1 500 kr
🌿 Eige lanseringstilbod på PRO GREEN-behandling
🌿 Personlege råd og moglegheit til å stille spørsmål
🌿 Litt godt i glaset og noko å bite i

Vi ønskjer at dette skal vere ein liten og personleg kveld, og har derfor berre 20 plassar.

📅 Torsdag 15. oktober
🕕 Kl. 18.00
📍 Balanzera Kviteseid

Påmelding: Send oss ein DM eller meld deg på i salongen.
Fyrstemann til mølla 💚

Vi gler oss til ein skikkeleg fin kveld saman!

Helsing Balanzera-gjengen i Kviteseid.🌿

05/06/2026

Ein liten guida tur på ☺️🌿
Velkomen til oss!

Photos from Balanzera AS's post 04/06/2026

Nydelege Annbjørg som vart gift forgje helg. 💕😍
Hår styla av vår dyktige lærling 👌🏻

05/05/2026

Kjenner du at du elskar frisørfaget, men ikkje tempoet det ofte kjem med?

Hos oss jobbar vi annleis.

I Balanzera handlar det ikkje bare om hår.
Det handlar om ro, tilstedeværelse og ekte velvære, både for kunden og for deg som frisør.

Vi trur på:
-tid til kvar kunde
-naturlege, vakre resultat
-ein arbeidskvardag kroppen faktisk kan stå i over tid
-eit miljø der du får vere deg sjølv

Nå ser vi etter fleire frisørar til salongane våre på Grünerløkka og Kviteseid. 🌿

Kanskje du:
- lengtar etter meir ro i arbeidskvardagen
- er opptatt av kvalitet og heilskap
- har lyst å utvikle deg vidare, både fagleg og menneskeleg

Hos oss får du:
- eit trygt og godt arbeidsmiljø
- fagleg utvikling
- ein annleis måte å vere frisør på

Dette er ikkje for alle.
Men kanskje det er akkurat det du har leita etter.

Send oss ei melding, eller tips ein frisør du tenker burde sjå dette 🥰

Photos from Balanzera AS's post 22/04/2026

Italia-turen vår! 🥰🇮🇹🤌🏻
-Ei halv veke i lag, (nesten) heile Balanzera. ❤️

Vi reiste til Parma for å besøke
Sjå fabrikken/village’n dei har skapt. Det var ikkje anna enn imponerande! Ein familiebedrift, starta opp i 1983 som i dag er internasjonalt og der alle produkt blir produsera på deira fabrikk i Parma.

Vi fekk sett oss rundt, lukta og sett den heilt fantastiske forskings-hagen deira. 🪴Vi fekk laga eigen parfyme, meir opplæring i produkta og deira filosofi (som harmonerer perfekt med vår eigen). Vi trente yoga, laga vår eigen pizza på italiensk vis. Åt så mykje parma-skinke og cheddarost og pasta at vi følte vi oss litt små-gravide alle sammen.. 😅 Vi var på guida tur rundt i Parma-by med mykje historie og fantastiske inntrykk av den nydelege arkitekturen og den italienske atmosfæra. Så fekk vi òg med oss smaking av vin òg balsamicoeddik, laga lokalt på ein vingard -som var så fin at vi følte oss som dronningar alle sammen trur eg.

Og ikke minst fekk vi mykje tid i lag. ❤️❤️ Tid til dei gode samtale, -dei som går litt djupare. Mykje tull og vas og latter. Vi blei betre kjent og tryggare på kvarandre. Vi fekk mykje inspirasjon av alt vi opplevde saman, men òg av kvarandre. Og vi tar med oss dette heim att i hjerta våre. 🥰 Og forhåpentlegvis merkar du som kunde også at du får ein smak av fellesskapet vårt når du besøker oss neste gong! 😊

15/04/2026

Vi fer til Italia! 🤩🇮🇹🍕 Alle våre ansatte reiser til Parma/Italia på kurs og omvisning hos Davines Village. Det skal vi sjå og lære korleis produkta vi nyttar blir produsert. Vi skal på matkurs, gjere yoga og nyte sol, god mat og drikke. Tenker at denne gjengen kjem tilbake med mykje inspirasjon og glede! 🥰☀️

Om de vil ha tak i oss før måndag må de sende ein mail til [email protected]. Gjeld det timebestilling kan det gjerast via onlinebooking på vår nettside. 😊

26/03/2026

Møte påskeferien med yoga? 🐣🧘‍♀️

Yin-timane onsdag-kveld er nokså fullbooka framover. Men om du har tid fredag-morgon er det nokre ledige plassar på yoga-flow, frå 09-10.30. Bare å sende ei melding til Trude, tlf. 90164855, -om du har lysst til å prøve.

Du kan lese meir om dei ulike timane på på Instagram. 🥰🌱

13/03/2026

Denne perioden vel eg å sete opp enkelt-timar i yoga i staden for eit kurs. Det er påske, litt reising i april og ein vår som ofte blir litt oppstykka for mange.

Difor kan du reservere plass på dei timane som passar for deg, uten å binde deg til eit heilt kurs.

Timane er på 75 min. I yin timane har eg fokus på rolege bevegelsar, strekk, pusteteknikkar og avspenning. Passar for alle. I Flow-timane er det litt meir aktivt, men eg er også her opptatt av å dele kunnskap om pust og avspenning.

Yin yoga – onsdagar
18. mars
25. mars
8. april
22. april

Flow yoga – fredagar
20. mars
27. mars
10. april
24. april

Antall plassar pr. time: 8 stk.
Pris pr. time: kr. 250,-

Om du vil reservere plass eller bare har spørsmål i forhold til yoga eller timane må du sende ei melding til meg her eller sende mail til: [email protected]

Velkomen til ei roleg stund
- tilbake til deg sjølv. 🥰

Photos from Balanzera AS's post 03/02/2026

Under Kviteseidmarken vil Bergit Husstøyl vere på plass i Balanzera sitt yogarom med ei nydeleg kunstutstilling. Du kan kome innom å sjå nærare på bileta og snakke med den særs hyggelege kunstnaren. Bileta vil og’ vere mogleg å kjøpe. Velkomen! 🎨✨

Åpningstider: fredag frå 12-18, laurdag frå 10-16.

05/01/2026

YIN YOGA
-litt ro midt i veka 💛
1 ledig plass igjen!

Trude startar opp eit
6 vekers yin-yoga-kurs onsdag kveld kl. 19.00
på Balanzera i Kviteseid.

Oppstart onsdag 14.januar.

Yin yoga er ei roleg og meditativ praksis
der me held stillingane over tid og gir slepp
i kropp, pust og sinn. Dette er eit rom der du bare skal vere, utan prestasjon, -bare kome tilbake til deg sjølv og kroppen din. ❤️

Timane vil fokusere på:
– djup avspenning
– mjuke strekk
– roleg pust
– regulering av nervesystemet

Dette kurset passar for alle,
også for deg som ikkje har gjort yoga før.

Oppstart: onsdag 9. januar
Tid: kl. 19.00
Stad: Balanzera Kviteseid
Pris: 1500,-
Instruktør: Trude Lundevall

Påmelding: send ein pm eller send mail til [email protected]

Ei stille og trygg yogastund for deg som treng å puste litt djupare og lande midt i kvardagen 🌙

PS: Me har også eit litt meir aktivt yogakurs
fredag formiddag.. 🥰 Sjå eige innlegg om det.

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Balanzera AS legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Abonner

Vi gir deg beskjed når noe skjer i Oslo.